Slit du med munnholeproblem?

Generelle råd

Behandling av stråle- eller cytostatica reaksjonar ( Dusseldorf-behandling )

500 ml sterilt vatn + Natron 6 g ( ½ ss) + 24 mg Mycostatin + 30 ml Hibitane blandast og brukast til gurgling fleire ganger daglig og spyttast ut. Holdbar 1 veke.

 

Bakteriedrepande middel

Er det behov for bakteriedrepande middel i munnhola kan Corsodyl munnskyljeveske brukast. Dette er imidlertid ikkje anbefalt som rutinetiltak. Sjølv om det har god antibakteriell effekt, og kan førebyggje sopp infeksjonar, kan middelet skade den normale bakteriefloraen i munnen. Konsulter derfor lege før du set i gang.

Hvis det blir sterkt kan det blandast 50-50 med vatn.

Corsodyl fåes kjøpt på apotek.

 

Virus

Acyklovir ( Zovirsx ) tab 200 mg x 5 i 5 dager.

 

Tannpuss

God munnhygiene er viktig.

Skyl munnen  så ofte du kan.

Bruk reint vatn eller fysiologisk saltvatn ( 1 strøken ss salt rørt ut i 1 liter vatn)

Bruk mjuk tannbørste og mild tannkrem. Vanleg tannkrem inneheld som regel kunstig såpe eller natriumlaurylsulfat som skummiddel. Såpe kan skade det beskyttande mucinlaget og tørke ut slimhinnene. Det same gjeld fleire munnskyljevesker. Ein bør derfor helst bruke tannkrem utan såpestoff.       Velg tanntråd framfor tannstikker.

Skyl med  fluor om kvelden.

 

Fluor

Bruk av fluor er viktig fordi munntørre pasientar vil vere langt meir disponerte for karies.Eit funksjonelt tannsett kan øydeleggast i løpet av kort tid hvis ein ikkje er merksam på dette. Fluor i tannkrem bør supplerast med fluor sugetabelettar eller fluor tyggegummi 0,25 mg, eller daglig fluorskylling (0,05%) I tilegg til å hindre tannråte, stimulerar fluor spyttproduksjonen

 

Tyggegummi

Når munnholebakteriar bryt ned sukker,dannast det syrer som startar kariesangrep. Ein bør derfor prøve å oppnå eit mest mogeleg alkalisk miljø i munnen. I handelen fins fluor tyggegummi som hevar munnholas ph verdi  Fluor tyggegummi som inneheld xylitol hindrar tannrote og bakterievekstsamtidig som spyttproduksjonen blir stimulert.

 

 

Strålebehandlig av kreftsvulstar i hovud/hals området

Dette kan gi ein del bivirkningar i munnhola, både under og etter strålebehandlinga.  Strålinga kan føre til at betennelser i kjevebeinet blir vanskeleg å behandla og at sår kan ha vanskeleg for å gro.

Dårlige tenner og rotrestar må derfor fjernast før strålebehandlinga byrjar.