Storpurlelaje-MC


Velkommen til Storpurlelaje-MC

Her vil du finne informasjon om klubben, Storpurletreffet, bilder m.m. 

Legg gjerne att ei helsing i gjesteboka

Arrangement

I 2001 vart det bestemt at vi måtte arrangere eit treff, Storpurletreffet. I starten vart det arrangert kvart år, men i 2003 vart det bestemt at vi ikkje skulle arrangere treff meir enn annakvart år på grunn av at det var vanskeleg å få nok vakter, noko som førte til at det vart veldig mykje arbeid på ganske få personar.

Meir om Storpurletreffet finn du ved å klikke på linken over.

 

I 2005 vart det bestemt at sidan vi ikkje arrangerte treff kvart år kunne vi ha eit litt mindre arrangement som ikkje krevde so mykje arbeid som eit treff krev. Vi starta då opp med å ha ein årleg fest på eit lokalt ungdomshus / samfunnshus i februar med forskjellige tema. Første temafesten var ”kjeledressfest”, året etter hadde vi ”Trønderfest” og i 2007 hadde vi ”Grilldress-fest”. På festane har vi hatt  eit lokalt band med sjølvskrevne låtar som live-underholdning. Vi har brukt å sendt ut invitasjon til MC-klubbar i nærleiken, men det har stort sett vore lokalbefolkningen som har kome so vi vil oppfordre MC-klubbar og andre MC-interesserte å ta turen sjølv om festen ikkje har noke spesielt MC-tema.

Bilder frå temafestane og MC-treffa finn ein under Bilder.

Historie

Storpurlelaje MC vart danna i 1999 av ein motorsykkel-interessert vennegjeng frå Hornindal. Storpurlelaje bestod då av XXX medlemar der XXX vart vald til leiar, XXX kasserar og XXX sekretær. Sidan den gong har Storpurlelaje hatt litt varierande medlemstal mellom 15-20 medlemar.

Create a Free Website