Grytastranda Ball Gruppe

Heim

Nyheiter

Spelarar

Kampar

Statistikk

Historie

Bileter

Guestbook
 

   


Mange forfall
Grytastranda stille med ein særs svekka tropp til bygdakampen 2008. Adrian Håbet, Adrian Holmeset, Øystein Grytten, Stig Wold, Knut Ivar Bjørlykhaug, Martinus Grytten og Peter Elias Grytten kan ikkje bli med laurdag. Frå før av er Steffen Grytten og Kurt Erik Grytten uaktuelle. - Vi skal vinne likevel seie GBG-sjef Frode Engeset. 



Årets tropp
Grytastranda har tatt ut følgjande tropp til bygdakampen mot Søvik laurdag kl. 1330. Espen Wold, Stig Wold, Roger Grytten, Eirik York, Kim Idar Krogsethagen, Tarjei Urkedal, Jan Even Drønnesund, Vebjørn Grytten, Øystein Grytten, Bjørn Urkedal, Kenneth Vegsund, Adrian Håbet, Kristoffer Engeset, Knut Ivar Bjørlykhaug, Martinus Grytten, Adrian Holmeset, Martin Holmeset og Geir Magne Grande. Forfall meldast Frode. Oppmøte seinast kl. 1245.



Ser fram til Bygdakamp
Grytastranda ser fram til Bygdakamp mot Søvik laurdag 25. oktober. - Søvikarane var heldige som slapp unna kamp i fjor, men i år må dei tøle nok eit tap, seie manager Engeset. Vi har ikkje so mange spelarar på Norborg sitt A-lag i år, men vi har kvalitet i alle ledd og stille minst like godt førebudd som før. Vi har 18 mann på papiret, så får vi sjå kor mange som kan stille til kamp.



Bileter frå romjulsturneringa

GBG på romjulsturnering: B.f.v. Kim Idar Krogsethagen, Eirik Urkedal York, Steffen Grytten og Adrian Håbet.
F.f.v. Jan Even Drønnesund, Tarjei Gjerset Urkedal, Kurt Erik Grytten og Roger Grytten. Lagleiar Frode Engeset bak kamera.

Kim Idar med pokalen for 3. plass.




Sterk romjulsturnering av Grytastranda

Grytastranda fekk fredag 28. desember for første gong lov til å stille eige lag på Brattvåg IL si tradisjonsrike romjulsturnering i Brattvåghallen. Grytastranda gjennomførte ei god turnering med tre strake sigrar i det innleiande spelet og siger i kvartfinalen. I semifinalen mot Brattvåg hadde ein fleire store sjansar til å avgjere kampen, men det forblei mållaust og kampen gjekk til straffekonk. Her trakk arrangørane det lengste strået og sikra seg finaleplass. I bronsefinalen mot Helland vart det 3-2 siger. 

Grytastranda sine innleiande kampar:

GBG - Ravn 3-0

Mål: Kim Idar Krogsethagen 2, Adrian Håbet

GBG tok tidleg leiinga og hadde full kontroll på naboen i aust. Sigeren burde ha vore større, men grei første kamp av dei gul-grøne.

GBG - Brattvåg Old Boys 2-0
Mål: Adrian Håbet 2

Det rutinerte Brattvåg-laget bydde på tøffare motstand enn venta. GBG hadde planar om å kjøre tempo, men greidde sjeldan dette. Sigeren var likevel aldri trua etter to mål av Adrian.

GBG - Skodje 3-1
Mål: Kim Idar Krogsethagen, Roger Grytten, Adrian Håbet

Skodje tok tidleg leiinga i denne gruppefinalen då dei utnytta ei tabbe i GBG forsvaret. Likevel var det aldri tvil kvar sigeren skulle gå og GBG snudde til 3-1. GBG vann dermed pulja. I kvartfinalen venta Brattvåg Old Boys.


Kvartfinaler:
GBG - Brattvåg Old Boys 4-3
Mål: Kim Idar Krogsethagen, Eirik York, Jan Even Drønnesund

Svak kamp av GBG mot eit effektivt Old Boys lag. Gamlegutane kom tilbake tre gongar, men då Kim Idar Krogsethagen hamra inn 4-3 minuttet før slutt var det spikeren i kista.


Semifinale:

GBG - Brattvåg 0-0, 4-5 på straffer

Like før kampstart vart det klart at Adrian Håbet ikkje kunne spele denne kampen grunna skade. Likevel, eit svært disiplinert GBG-lag skapte store problem for Brattvåg og var nærmast sigeren i sjølve kampen. To stolpeskot og fleire store sjansar skapte GBG, men bakerst hos Brattvåg stod det ein grytastrandar i storform. Brattvåg på si side skapte knappast ein open målsjanse sjølv om ein hadde ballen mest. Arnel Colic, Lennart Holmem og Erik Åkre fekk aldri ballen rettvendt grunna eit fenomenalt godt GBG-forsvar. Dermed 0-0 etter både 15 ordinære minutt og 5 minutts ekstraomgang. Kampen måtte dermed avgjerast på straffekonk. Eirik York, Tarjei Urkedal, Kim Idar Krogsethagen og Steffen Grytten sette inn sine straffer, men Roger Grytten vart stoppa av sin mangeårige klassekamerat Espen Wold. Arnel Colic satt si straffe i mål og Brattvåg kunne juble for finaleplass med knappast mogeleg margin.


Bronsefinale:

GBG - Helland Spesial 3-2 etter golden goal
Mål: Kim Idar Krogsethagen, Jan Even Drønnesund og Eirik York

Innsatsen til GBG var langt sløvare mot Helland enn i kampen før mot Brattvåg. Helland tok tidleg leiinga 1-0, men Kim Idar Krogsethagen hamra inn utlikning og Jan Even Drønnesund sette inn 2-1 på utsøkt vis like før slutt. Men Helland gav seg ikkje og i sluttsekunda utlikna blåtrøyene. Kampen gjekk då til ekstraomgang. Her viste Eirik York fram venstreslegga å sette inn vinnarmålet bak Johan Vestre.

Flott turnering av GBG som etter 6 bygdekampar mot Søvik og 6 kampar i romjulsturneringa stadig ikkje har tapt ein fotballkamp ved ordinær tid. Straffekonkurransar er ein likevel ikkje fullt så dyktige på...

Brattvåg vann finalen over Team Rekdal med 8-3. Erik Åkre vart turneringa sin toppscorar.


Spelar

Mål

Kim Idar Krogsethagen

6

Adrian Håbet

4

Eirik York

2

Jan Even Drønnesund

2

Roger Grytten

1

Steffen Grytten

Tarjei Urkedal

Kurt Erik Grytten







Grytastranda stiller på Romjulsturnering

Norborg får for første gong lov til å stille to lag på Brattvåg IL si tradisjonsrike romjulsturnering. Dette gjer at ein stiller eit lag for Grytastranda og eit for Søvik. - Vi har lenge snakka om at det hadde vore artig å delta med reint GBG-lag på ei turnering. No får oss endeleg sjansen, seie GBG-lagleiinga. Etter fredagens innetrening vart følgjande spelarar tatt ut: Kim Idar Krogsethagen, Roger Grytten, Steffen Grytten, Adrian Håbet, Tarjei Urkedal, Eirik York, Jan Even Drønnesund og Kurt Erik Grytten. Yttarlegare 1-2 spelarar vil bli tatt ut etterkvart.

Det kan også nemnast at Kim Idar Krogsethagen for tida trenar med 3. divisjonslaget Varegg og mest truleg melder overgong frå Nordnes.





norborg.com oppe å går

norborg.com vakna til liv igjen torsdag kveld etter nokre dagar i koma. Kampreferat frå Stordal-Norborg finn dykk då der.





Vigra tapte - berre Norborg2 er ubesigra

Vigra tapte kveldens toppkamp i 5. divisjon med 2-1 for Vartdal på sistnemndes stadion. Dette var Vigra sitt første tap i år. Dermed er det berre eitt lag som står med smultring i tapskollonna. Norborg2!!!!!

Andre 5. divisjonskampar i kveld: Ellingsøy-Blindheim2 1-2, MSIL-Hovdebygda 8-2, Ravn-Emblem 1-4, Skodje-FK Sykkylven2 4-1 og Åmdal-Spjelkavik2 2-3.

MSIL (60-22) 31 poeng, Vigra (47-10) 31 poeng og Vartdal (44-22) 31 poeng kjempar om to plassar i neste års 4. divisjon.
Tabell





4. divisjon runde 14

Ørskog og Godøy tjuvstarta den 14. serierunda i kveld. Denne kampen enda 1-1. Resten av runda spelast slik:

Herd - Rollon B
Heimelaget er inne i ei kraftig motgongsperiode og vil få det tøft mot formlaget Rollon, som blant anna er forsterka med AaFK-talentet Alexander Lunheim, som visstnok heller vil spele juniorfotball. Rollon vil mangle nokre spelarar, men tek nok tre poeng.

Larsnes/Gursken - Sunnylven H
Ustabile Gulars har mange raske og teknisk gode spelarar som bortesvake Sunnylven vil få slite med. Heimelaget tek tre poeng og får luke ned til Sunnylven.

Stranda - Åram/Van.kam H
Heimelaget hadde mange forfall i sist kamp, men tok likevel ein sikker siger. Det trur vi laget greie i denne kampen også.

HaNo - Bergsøy B
Rundas laurdagskamp. Bergsøy er i form og er på full fart inn i opprykksstriden. Skal ta tre nye poeng når dei gjestar Nordøyane.





Botnkamp mot Stordal

Stordal - Norborg
Kirkebø KGB, 16.08.07

Dommar: Oddbjørn Hatlehol (Brattvåg)
Ass. dommarar: Kristian Melseth (FK Sykkylven) og Mikal Skodjereite (Skodje)

Norborg har hatt eit vanskeleg kampprogram i det siste og møtt fire topplag på rad. Oransjetrøyene har i desse fire kampane vist at med tilnærma fullt mannskap kan ein spele jamt med dei beste i divisjonen (3-3 mot både Godøy og Rollon), men med mange forfall blir det litt for tynt.

I sist kamp mot Stranda mangla 12 av 24 spelarar som hadde fått speletid på 1. laget. Av desse er no 5-6 tilgjengeleg igjen. Knut Ivar Bjørlykhaug er tilbake frå suspensjon, André Larsen er skadefri og var tilbake med fem mål i 7'ar kampen mot Fjørtoft, Asgeir Kalvø og Edwar Laverton har kome heim frå ferie, medan Kristian Furnes og Stein Erik Reitan har kome i land etter prøvetur med bygg nr. 701 AYS. Sidan sistnemnde først kjem att i kveld, er det då heller tvilsamt at han blir med til Stordal. Likevel, trenar Alstadsæter har ein breiare stall å plukke frå.

Plommene har modna på Grytastranda og då brukar Norborg som regel å vakne. I fjor vart det sigrar i 8 av dei 9 siste kampane. Noko som tok laget frå 10. til 5. plass. Torsdag kveld står den første av årets siste ni kampar. Stordal er motstandar på nye Kirkebø kunstgras. Eit lag ein har slått to gongar før i år etter å ha gitt dei tre mål å gå på i begge kampane. Med riktig innstilling skal Norborg vinne denne kampen, og då legge bak seg Stordal for godt. Avstanden vil då vere 11 poeng.

Heimelaget har tre gode spelarar. Petter Aksel Kirkebøe, Jon Espen Joranger og Jahn Morten Overå held alle eit høgare nivå enn 4. divisjon. Bak desse er det noko ujamt, og dette gjer at Stordal er i poengnaud. På 13 kampar har laget berre vunne over Sunnylven. Det har dei imidlertid gjort to gongar, slik at laget står med 6 poeng. I kampane mot Norborg har laget slått mykje langt opp mot sine raske spissar. Midtbana er også tidvis flink til å presse opp når langballane kjem. Men kreftene har ikkje haldt heile kampane.

Vi trur Norborg sin magre poengfangst dei siste kampane kom av mange forfall og tøff motstand, og no når troppen begynn å normalisere seg kjem også sigrane. Tre poeng til Norborg om innsatsen og lykka er til stades.





Norborg2 fortsette å imponere
Giske - Norborg 2. lag 0-5 (0-0)

0-1 Elling Mikal Kalvø (56)
0-2 Erlend York (63)
0-3 Martinus Grytten (64)
0-4 Ole Johan Urke (80)
0-5 Martinus Grytten (85)
 
Dommer: Birger Brevik, Volda
 
Gult kort: 2xGiskespelera
 
 
Laget: Kenneth Vegsund - Kristoffer Engeset, Elling Mikal Kalvø, Kristian Furnes, Adrian Holmeset - Asgeir Kalvø, Erlend York (c), Edward Laverton - Ole Johan Urke, Martinus Grytten, Espen Solheim
 
 
Norborg2 reiste til Giske med kun 11spelera grunna spelera bortreist på jobb og skader. Likevel skulle dette vise seg å være meir enn bra nok for å vinne komfortabelt mot Sunnmøres bunnlag.
 
Bortelaget styrer første omgang uten at man får heilt opp tempo på ball og bein slik man ønskjer. Kanskje var det den tunge regntreninga frå dagen før som lå igjen i beina, eller kanskje det var tanken på at man med to sesongdebutanter på bana ikkje måtte tømme alle krefter i første omgang.
 
Nærmast mål kom Martinus Grytten då han smelte ballen i tverrligger og ned på strek etter tolv minutt spel. Utenom dette hadde de orange fleire gode sjansar, men ubesluttsomhet i avslutningsfasen og lysten på ei ekstra finte satte ein effektiv stopper for mål.
 
Giske på si side fekk produsere ein farligheit halvveis i omgangen etter nølande forsvarsspel frå gjestene. Men utespeler Vegsund i Norborgmålet greidde dei ikkje å overliste. Vegsund stod som vanlig ein god kamp, og haldt nullen for tredje gang på fire kampar i år! Sunnmøres beste utespeler i mål ?
 
Sett tempo - punkterer kampen
I pausen vart Norborgspelerane enige med seg sjølv om å få opp balltempoet og breidda i spelet sitt. Og lojale som dei er med kvarandre, så var det det som skjedde.
 
Etter å ha brent nokre gode sjansar dei første ti minutta, blant anna eit susande langskudd frå sesongdebutant og kaptein Erlend York like utafor stolpen skulle endelig målet kome.
 
Elling Mikal Kalvø er med opp på sin første dødball i kampen, og når han får ballen i beina på sytten meter viser han ingen nåde. Ballen klistrer han med innsiden av foten oppe i vinkelen. Minuttet etterpå raider Espen Solheim igjennom på høgresiden, og blir lagt ulovlig i bakken. Straffen sett diverre ein av Norborg sine beste spelarar denne kvelden i innsida av stolpen og ut til målspark!
 
Dei orange gir seg likevel ikkje, og er fast bestemt på å punktere kampen raskt. Minuttet etterpå setter Erlend York inn 2-0 frå seksten meter etter pasning frå Ole Johan Urke. På den påfølgjande avsparket roter Giske det til for seg sjølve. Ein svært aggressiv Martinus Grytten stjeler ballen frå Giskeforsvaret, spurter igjennom midtforsvaret med tre mann hengane i skjorta og sparkande etter bakleggane sine medan han sett ballen sikkert i nota. Sterk prestasjon, medan ein av Giske sine midtstoppera får gult kort for eit av sine forsøk på å knerte Tini i bakken bakfrå.
 
Etter dette roer Norborg2 litt ned, men får to mål til før slutt etter ei rekkje gode sjansar. Ole Johan Urke setter inn 4-0 med eit skot frå skrått hald åleine med keeper, før Martinus Grytten avslutter ballet med eit volleyskot nede ved nærmaste stolpe etter innlegg frå ein alltid offansiv og løpsvillig høgreback Kristoffer Engeset.
 
Dermed ender det med ein fortent 5-0 siger til serielederane frå Norborgland, og lagets 11 kamp på rad uten tap.
 
I ein kamp der alle gjorde ein god kamp for kvarandre er det verdt å nemne gutespeler Adrian Holmeset som gjorde ein solid figur på venstreback. Asgeir Kalvø var variabel, men viktig som indreløper, medan Martinus Grytten var eit mareritt for Giske sine midtstoppera heile kampen igjennom. God andre omgang av Espen Solheim også, medan Ole Johan Urke holdt oppvisning i finter mot Giske sin venstreback i andre omgang. Verdt å nemne Erlend York også som sesongdebuterte, og holdt ein heil kamp etter tre måneder skademareritt.




Håbet forblir i GBG

Mange søvikarar vil nekte Adrian Håbet spel for GBG sidan han pr. dags dato er busett i Søvik og spelar i Brattvåg. - Ingen kan hindre meg i å spele for Grytastranda. Det er hos GBG ej høre heime, bedyrer mr. Håbet. 

 





Drønnesund klar til kamp

GBG-forsvarskjempen Jan Even Drønnesund vart stygt skada i 2. lagskamp for Norborg mot Lepsøy i juni. Det var ein særs klønete Lepsøy-spelar som sparka "Neven" midt i andletet. Noko som resulterte i kjevebrot og nokre knekte tenner. Etter fem veker med kjevelås kan no endeleg "Neven", eller "Kjeven" som kallenavnet har bltt forandra til, starte å leve eit meir normalt liv igjen. Med over to månader til Bygdakampen er det ingen fare for at denne kampen blir spolert for den tacklingsivrige spelaren.

Eirik Urkedal York kjem også heim i god tid før Bygdakampen og bør ha funne tilbake til si vande form. - Har ikkje heilt oversikta på kor mykje "Babben" sin kropp he forfalt, men med to månadars hardtrening reknar vi med at han er i betre form enn samtlege søvikarar, seie GBG-manager Frode Stormyr Engeset.





Kim frå sjukesenga til kamp

Klokka 12.30 ringte ein frustrert Kim Idar Krogsethagen til Frode Engeset og fortalte at han måtte trekke seg frå Bygdakampen grunna spysjuka. Kim Idar hadde tatt turen frå Bergen eins ærend for å spele bygdakampen for GBG og var sjølvsagt svært skuffa. Ein halvtime ut i kampen kom imidlertid ein heseplesande Kim Idar ned på Uggedalsgrusen og sa at han var klar til kamp. Truleg var det ei lita matforgiftning Kim Idar hadde vore utsett for. GBG sin hovudmistenkte nr. 1 er Kristian Søviknes. Han sat tilsynelatande i kontraktsforhandlingar med GBG si leiing, men dette var nok berre eit skalkeskjul for å sette GBG-spelarar ut av spel. - Ej såg "Snesen" tukle med brusflaska til Kim Idar i går kveld, seie Steffen Grytten i ein kommentar. -Det skal meir til enn gift for å sette ein grytastranda ut av spel, seie GBG sin medisinmann Jan Even Drønnesund.





Lett siger i bygdakampen

Grytastranda tok ein enkel 5-2 siger over FC Søvik i tidenes 6. Bygdakamp. Søvik tok imidlertid leiinga då Ståle Hurlen blokkerte ei klarering frå keeper Espen Wold i mål. Men GBG lot seg ikkje ryste, og fortsatte med fin fotball av høg 4. divisjonsklasse. Eit kvarter før pause skrudde verkeleg GBG opp tempoet og Søvik hang ikkje med i det heile. Tarjei Urkedal ordna utlikning på eit velplassert skot. Stig Wold hamra inn leiarmålet etter forarbeid av Lennart Holmem, medan Lennart sjølv sette inn 3-1 på volley etter innlegg frå Tarjei. Dermed fortent 3-1 leiing til pause.

I 2. omgang slappa GBG litt av og omgangen vart prega av mange bytter. Dette hindra likevel ikkje laget i å score to mål til. Først på straffe av Kim Idar Krogsethagene etter at Adrian Håbet hadde blitt felt. Deretter sette Stig Wold inn sitt 2. mål for dagen etter corner. Nokre minutt før slutt pynta Ståle Hurlen på resultatet då han utnytta kluss i GBG-forsvaret.

- Strålande gjennomført kamp av oss idag. Vi får til mange flotte angrep og vise klasse framfor mål. Ej føle vi hadde kontroll kampen igjennom, sa GBG-manager Frode Engeset etter kampen.





Sjølvsikre grytastrandarar før storkampen!

Vi har fått tak i nokre sentrale grytastrandarar i det det berre er timar igjen til prestisjeoppgjeret mellom Grytestranda og Syvikgrend. Dei kjem med sine tankar rundt kampen som går på Uggedal grus laurdag.

Jan Even Drønnesund: "E d en ting so gjer mej forbanna so e d sånne sytete porselensdokke. For mej handla dinne kampen om å få det første målet åsso trykke på videre."

Kenneth Vegsund: "Ej gle mej t å stå i mål!!!!"

Steffen Grytten: "Gryta he no en stor fordel i og med at Søvikerane e nokken "sissygirls"."

Kim Idar Krogsethagen: "Pysegutta frå Søvika ska få sej en kjipp når dei kjem t Gryta for å få sej en leksjon."

Espen Wold: "Ej ska spele med stegjern, håpe på mange cornera."

Vebjørn Grytten: "Ej vurdera å gi mej."

Frode Engeset: "Oss gjeng ut i 5-3-2 formasjon der det handla om å ha folk konstant bak ballen, å la Syvikgrend sine unggutta anført av Stein Erik Reitan springe frå sej. Når dei so he sprønge frå sej, vil oss legge heilt om til det oss kalla "rekkeangrepet", altså en 2-3-5. Ditte kjem dei sannsynlegvis ikkje til å skjønne, fordi: Når ej reise på jobb i Søvika kvar morgon, stig IQ'n i begge bygdene. "

Ei meiningsmåling i Søvik viser også at storparten av jentene i Søvik held med Grytastranda. Grunnane til dette er ukjende.

Siste nytt frå Søvika: Christian "Mølen" Søvik har meldt overgang til Grytastranda og står over helgas bygdakamp.





Ladden seier at Gryta er klare

Gryta og Norborg sin forsvarskriger Steffen "Ladden" Grytten, meiner at Gryta er klare for laurdagens prestisjeoppgjer i Uggedalen.

- Oss e klar over at d he vør litt skittkasting frå Syvikgrend, men d bidreg berre til å få opp tenninga vår. Oss he meir enn nok kvalitet til å tukte Syvikgrend, å berre jobbinga e der å pasningsspelet vårt set, skal ditta her gå veien.

Ka e Grytastranda si største styrke?

- D e vel uten tvil spelestilen vår. Oss he mykje fart å når pasningsspelet vårt set, bør det gå for fort til at Søvika klare å henge med. I tillegg so gjeng ikkje oss av veien for duellering heller, sjøl om oss ikkje e d fysiske største laget. Men oss meina at oss kjem lengst med pasningsfotball, å ikkje kick and run som enkelte lag driv med.

He Gryta nokken svakheita som du vil avsløre?

- Nei, ej tru ikkje at oss he nokken store svakheite, det oss må passe oss for e på bli for nonchalante. D gjeld å ver fokusert heile veien.

Korleis tru du kampen på laurdag bli?

- Ej tru d bli en tett kamp, å ej tru ikkje d bli en kamp der det første målet avgjer. D bli kamp til siste slutt tru ej. Nokke resultat vil ikkje ej tippe, men ej tru oss vinn. Viss oss ikkje vinn so he oss ikkje gjort vårt beste, so enkelt e d. Oss e ikkje slik som søvikerane, som leita ette eikvar unnskylding for gjentatte nederlag mot det dei veit e et bedre lag, nemlig Grytastranda BG! Håpe d kjem mykje folk å ser på og at d bli ei ramme rondt kampen. Då kan kampen bli et høgdepunkt slik den e meint å ver.





Tropp

Grytastranda stille med følgjande tropp i kampen mot Søvik laurdag:
Espen Wold, Martin Holmeset, Jan Even Drønnesund, Vebjørn Grytten, Roger Grytten, Geir Magne Grande, Knut Ivar Bjørlykhaug, Adrian Håbet, Stig Wold, Steffen Grytten, Kim Idar Krogsethagen, Øystein Grytten, Lennart Holmem, Kristoffer Engeset, Erlend York, Kenneth Vegsund og Biarte Hånes. Ihht. § 5 påberoper GBG seg retten til å melde på ein siste spelar på laurdag. Oppmøte er kl. 1300 på klubbhuset i Uggedalen. Kampstart på Uggedal grus er kl. 1400.





Straumstans i Uggedalen
Det blir straumstans i Uggedalen tysdag mellom kl. 20 og 22.



Syvikarar driv terror

Hackarar fra Syvikgrend gjer at visse bokstavar ikkje blir synlege på websida.





Høgt nivå på GBG trening
Det var utan tvil den beste treninga som har blitt gjennomført i Uggedalen i år då GBG hadde årets første trening måndag kveld. 13 mann møtte opp med draum om å vere blant dei 11 utvalde til laurdagens prestisjekamp. Med tanke på at fleire av spelarane oppheld seg utanbygds så var det eit overraskande bra oppmøte, og kvaliteten særs bra! Krenges kom rett frå treningsleir i Sør-Amerika å viste fram mange nye finter, Grande har fått ein ny vår i Hildre og er betre enn nokon gong, men må sjølvsagt legge frå seg langpasningane for å tilpasse seg GBG sitt leikne kortpasningsspel. Dette er imidlertid på plass før laurdagens kamp. Mini York viser at Babben får problem med å kome inn igjen på laget til neste år, Adri har plukka opp dirty triks på sin treningsleir i Irland, medan Knut ruvar på alle mogelege områder. Ting ser bra ut for GBG fem dagar før FC Søvik blir grusa!



Treningstider
GBG har følgjande treningstider:

Måndag kl. 19 Uggedal grus
Onsdag kl. 19 Uggedal grus




Australiafarar skjønar ikkje korleis Gryta kan tape!

 Eksilkeeper Kurt Erik Grytten har snakka med ein av Grytastranda sine korrespondenter og snakka ut om fjorårets skuffande resultat og forhåpningar til sine lagkameratar i GBG i hans fråver.

- Fjorårets straffetap kom vel som eit sjokk på oss alle. Det var vel ingen som trudde at det kunne gå slik, og det var kanskje der problemet låg. Kanskje hadde vi for lave skuldre og trudde resultatet skulle kome av seg sjølv. Men det gjorde det altså ikkje. Forhåpentlegvis gjer ikkje karane same feilen i år og då burde dette gå veien, seier ein optimistisk Grytten på ei dårleg linje frå kengurulandet.

Han benyttar samtidig anledningen til å gratulere Norborg med ei meget god avslutning på sesongen. ”Strålande” er karakteristikken han brukar og håpar at karane vil holde given gjennom vinteren og kome enda tidlegare med sigersrekka neste år.

 

- Eg ser ikkje korleis Gryta kan tape denne kampen, sjølv med meg sjølv, Martinus, Bonden og Babben ute av spel. Hold fokus, jobb som fy og plukk Hommern ut av kampen så er mykje gjort. Go Gryta!

 

Grytten er som kjent i Australia, men vi håpar han er tilbake i Norborg neste år, forhåpentligvis i god tid før sesongstart.  





Mølen kan bli utestengt!

FC Søvik sin meir eller mindre vaklande venstreback Mølen har kome med sterk kritikk mot Bygdakampen sitt øvste organ, og står no i fare for å bli utestengt frå årets Bygdakamp. - Vi ser alvorleg på dei grunnlause beskyldingane om at BK-styret sin formann skal vere korrupt, kjem det i ei pressemelding frå styret. Styret, beståande av tre grytastrandarar og ein hamnsunding, vil avgjere på søndag om Mølen får vere med. Utestenging krev 3/4 fleirtal.





Mange borte
Fleire vil mangle når GBG skal møte FC Søvik 28. oktober. Keeper Såpa og midtbanegeneral Babb er begge i Australia, Tini studerer i USA, medan Bonden er på ferie i Spania. Sistnemndes sambuar er frå Søvikhagane, og har truleg lurt han trill rundt når dei fastsette feriedatoane. - Vi hadde opprinneleg planar om å spele bygdakampen 14. oktober, men på grunn av haustferie den veka, så flytta vi den til 21 .oktober. Då Bonden i sommar sa at han var på ferie den tida, men at han kom heim over helga, haurte vi med Søvik sin sportssjef Snes om å få flytta kampen til 28. oktober. Dette godtok Snes, men no kjem altså Bonden å sei at han er vekke den dagen også, seier ein forbanna GBG-manager E. 

Fire sentrale spelarar borte for GBG!
Bonden, Babb, Tini og Såpa




Neste bygdakamp
Laurdag 28. oktober er datoen alle på Grytastranda må merke seg, for då skal bygdas beste fotballspelarar ut i ny kamp mot FC Søvik. Etter tre sigrar på rad måtte vi ifjor sjå oss slått på straffekonk. Det er dermed eit revansjelystent GBG-lag som stiller i Uggedalen siste laurdagen i oktober kl. 1400.



GBG med nettside
1. oktober 2006 vart Grytastranda BG si nettside offisiellt opna.



 
© 2006 All Rights Reserved.   

Create a free website at Webs.com