Bella Pilar

No er det hjortejakt og tid for ettersøk


Vårt mål er å gje valpene våre ein best mogleg start på livet, og dei følges tett opp dei 8 vekene dei bur hos oss. Dei blir prega på andre hundar, får vere med på turar i skog og mark, får vere med i bil og oppleve ulike miljøar. Dei bur med born i huset og blir besøkt av mange andre born og vaksne. Dei får oppleve lydar og gjeremål som er vanleg i eit hus (støvsugar / vaskemaskin / oppvaskmaskin / radio & tv ). Dei får også vere mykje ute i eiga hundegard om veret tillet det.

Valpar frå oss leverast med:

  • Helseattest frå veterinær
  • Id-merking (mikrochip)
  • Registreringsbevis frå NKK
  • Foreløpig forsikring
  • Valpepakke inkl. fôr
  • Valpe-kompendie
  • Informasjonsbrosjyre frå Norsk Kennel klubb om valpar
  • Ett års medlemskap i Norsk Retrieverklubb


Vi brukar NKK si kjøpekontrakt, med fylgjande tilleggskrav:

  • Hunden skal HD-røntgast
  • Hunden skal augelysast
Dersom du er førstegongs hunde-eigar, har vi i tillegg ønske om at dåke deltek på valpekurs med hunden.
Helst heile familien i lag (kontakt din lokale hundeklubb og sjekk når dei held kurs)