Hei alle sammen
No har vi hatt besøk av Aika siden onsdag. Det har vore moro kan dåke tru. Vi har vore på jakt både lørdag og søndag. Sjøl om det ikkje blei skote nokon hjort så har eg og Aika hatt det heilt topp. Lørdag var første gangen Aika var med på jakt og det merka eg. Ho var mest interessert i å leike, det synes jo eg også er moro. Men av og til så fann vi nokon spennande spor som måtte sjekkast litt nøyare og då lurer eg på om ho skjønte kva som hadde vore her. Der var hjort i terrenget lørdagen. Begge postane nedanfor oss fekk besøk av bukk, kolle og kalv, men vi såg dessverre ikkje noko.
Vidar sa at vi hadde vore veldig greie når vi kom heim igjen om kvelden, og at vi skulle få vere med igjen søndagen. Då låg vi oss rett ned og sov resten av søndagskvelden. Vi gadd ikke sjå fotball-landskampen ein gong, men vi hørte etterpå at vi hadde ikkje gått glipp av noko.
Søndagen var vi tidleg oppe og klar til å reise med det same Vidar fann fram rifla og støvlene. I heile formiddag var vi oppe og tråla Kolbeinsdalen på kryss og tvers. Vi fann eit dyr som vi følgde heilt fram til postane ovanfor Espedalen, men dessverre så fekk dei ikkje skote dyret der. Hjorten er ein luring, best som du trur at no har vi den - så smetter den av garde igjen.
Etterpå var vi med å jaga frå Espedalen og over til Kusældalen. Der traff vi ikkje dyr i det heile tatt, men vi fann ferske spor og skit så dei hadde nok vore der for ikkje så altfor lenge sidan. No ligg vi heime på golvet og søv. Kjetil og familien kjem vel og henter Aika i kveld. Det blir kjedelig, men Vidar har sagt at ho gjerne kan få vere med oss på jakt fleire gonger for dette var moro.
Helsing frå Bella Pilar
I dag var siste turen på jakt for ein stund og jaggu klarte vi ikkje å få bukken. Inge, Helge og Arvid posta på Dalen, og Ottar og eg jaga. Bukken kom opp rett på Inge sin post, men lenger kom den ikkje i dag.
Lang og tung tur heim med dyret, men ka gjør no det. no flytter Bella ned på Svehogjen i 14 dager, mens vi andre drar til Peru.
Håper ikkje alle hjortene er tatt før vi kjem heim att.
Torsdag så tok vi oss ein formiddagstur til Grøneholten. Tanken var å fotografere litt haustfargar, men det blei litt overskya.
I staden så traff vi ein skuleklasse som var på veg til Norddalen på overnattingstur. Dei hadde stoppe på Torset for å ete formiddagsmat. Då tok vi nokre bilete.
Turen var fin, men på lørdag blir det i Kusælen på jakt igjen.